Vil gjere straumen dyrare når me brukar mest

Nettselskapa vil gjere straumbruken mykje dyrare på tidene av døgnet då nordmenn brukar mest. – Ved å setje opp nettleiga, kan ein få folk til å flytte forbruket sitt, seier sjef for smartstraumsatsinga.

I går skreiv NRK om dei nye automatiske straummålarane som alle husstandar skal ha innan fire år. Ved å innføre denne såkalla «smarte straummålaren» håpar straumselskapa at folk skal spreie straumforbruket sitt ut over større deler av døgnet.

Men slik straumprisane er i dag, har folk lite å spreie på å flytte straumforbruket frå dag til natt, meiner programsjef for smartstraumsatsinga til 25 norske nettselskap, Hans-Terje Ylvisaker.

Nettselskapa meiner difor at nettleiga må bli mykje dyrare på morgonen og rundt middagstider, når nordmenn brukar mest straum.

– Ved å setje opp straumprisen ekstra mykje i dei tidene på døgnet der det er viktig å få forbruket ned, kan det få folk til å flytte forbruket sitt, meiner Ylvisaker.

– «Køprising» kan gje prisauke på 20.000

I prinsippet blir det dyrare å lage middag klokka fire, eller å bruke straum klokka 8 om morgonen når alle står opp.

Forskar Ingrid Foss Ballo ved Universitetet i Bergen har studert kva moglegheiter og utfordringar det gir når alle hus i Norge innan fire år skal få såkalla smart straummåling.

– I prinsippet vil det bli dyrare å lage middag klokka fire, eller å bruke straum klokka 8 om morgonen når alle står opp.

Verken politikarar eller kraftbransjen snakkar særleg høgt om å skru opp nettleiga i dei timane nordmenn brukar mest straum, seier Ballo. Ho har funne lite skriftleg arbeid på dette, men seier folk i bransjen snakkar om at det trengst svært mykje dyrare straum i dei mest belasta timane i døgnet.

– I nettselskapa snakkar ein om at for å få folk til å flytte straumbruken sin, bør ein å innføre prisar som gjer at folk kan spare 20.000–30.000 i året dersom dei brukar mindre straum i «rushtida».

I så fall kan det bli over 20.000 kroner dyrare straum i året for ein familie som brukar mykje straum på morgon og rundt middagstider.

Click here to read the complete article