Arbeiderpartiet spreier feilinformasjon om TiSA-avtalen
|Ap spreier ein feilaktig og udokumentert påstand om at TiSA vil ha gunstig sysselsettingseffekt. Ein farleg “politisk virus”.
Trass i at det har kome fram at sysselsettingseffekten av TiSA-avtalen i beste fall er usikker, og faktisk truleg negativ, så held Arbeiderpartiet fram med å påstå det motsette. No nyleg var det Hedmark Arbeiderparti som i ein årsmøteuttale skriv. “Vi støtter Arbeiderpartiets landsmøtes uttalelse om TISA, der det heter at «Arbeiderpartiet legger stor vekt på TISA-avtalens betydning for norsk verdiskaping og sysselsetting».
Det har vist seg uråd å få leiinga i Ap til å kome fram med grunnlaget partiet har for sin påstand. For å sjå kvifor det motsette er meir sannsynleg, kan for eks denne linken vere interessant: http://www.thebrokeronline.eu/Blogs/Employment/TTIP-don-t-mention-the-job-losses
Dette vil vere langt verre enn det folk så langt har fått vite. Eksempelvis er slike avtaler som TiSA og TTIP ekstremt udemokratiske. Den konservative(!) britiske tidlegare ministeren, Peter Liley, kallar slike avtalar “eit verdensomspennande diktatur av internasjonale storselskap.”