Varetektsfengsla asylsøkjar sikta for vald mot jente

Ein asylsøkjar i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker, sikta for vald mot ei ung jente.

Mannen vart pågripen i førre veke og varetektsfengsla fram til 5. februar. Påtalemakta meiner mannen skal ha brote handleddet på jenta.

Sjølv hevdar mannen at armbrotet skuldast eit fall på sykkel.

– Avgjerda er anka, seier forsvararen til mannen, Erik Slotterøy. Han ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.

Fann ikkje skade

Den sikta kom til Norge i fjor haust, og bur no ved eit asylmottak i Sogn og Fjordane.

Han er no sikta for brot på straffelovas § 273, lekamsskading, og risikerer fengsel i inntil seks år.

– Grunnlaget er at han skal ha påført ein mindreårig kroppsskade som har oppstått over tid, seier politifullmektig Cathrine Elisabeth Schjelderup ved Vest politidistrikt.

Lege avdekka

Ifølgje rettsboka kan ikkje mannen tidfeste når uhellet skjedde. Han forklara også at han ikkje såg teikn til skade då han undersøkte henne.

– Det vart ved ein legetime oppdaga kroppsskade som synest å vere oppstått ei tid i førevegen. Den mindreårige er framleis under tilsyn av helsevesen, seier politifullmektig Cathrine Elisabeth Schjelderup.

Mannen forklara at merke og sår på kroppen til jenta skuldast ei hudliding. Dette kunne ikkje dokumenterast, men påtalemakta har no fått løyve til å innhente legejournalar.

– Det blir jobba med å få ut fleire opplysningar, stadfestar Schjelderup.

Click here to read the complete article